FoU organisering ved Høgskolen i Gjøvik:
Leiargruppas ansvar:
- Foreslå høgskolens strategiske plan og handlingsplan for FoU og følgje opp styrevedtak
- Avgjere i saker som angår strategiske prioriteringar (til dømes søknadar til UFD, og NFR, prioritering av midlar til paraplyprosjekt og dr.stip. stillingar osb.)
- Vedta retningsliner for oppfølging og rapportering av FoU-prosjekt, stipendiatar, stimuleringstiltak osb.
- Oppnemne personar til å delta i det sentrale FoU-utvalet og til strategiske utval/ grupper som jobbar med FoU-spørsmål innan IU, UNISKA m.m.
Det Sentrale FoU-rådet – samansetting:
- Inntil 5 fagpersonar med erfaring frå forsking og forskingsleiing/forskingspolitikk, helst med førstekompetanse
- 1 doktorstipendiat
- Rektor møter som observatør
- FoU-sekretæren er rådets sekretær og førebur saker
- Rådet konstituerer seg sjølv, med ein leiar som er ein av dei fem fagpersonane
Mandat
- Det sentrale FoU-rådet skal vere HiGs ekspertorgan når det gjeld FoU og skal gi leiinga og dekanar råd på alle områder når det gjeld FoU og stipendiatprogram på HiG
- Vere leiingas ressursutval i forhold til høgskolens strategiske plan og handlingsplan for FoU
- Gi ein årleg vurdering av FoU-innsatsen innan utgangen av januar
- Vere høgskolens etikkråd
Medlemmer
-
Leiar:
Professor Inger Johansson (HOS)
Medlemmer:
Førsteamanuensis Katrin Franke (IMT), stipendiat Marius Pedersen (IMT), førsteamanuensis Ingrid Landgraff Østlie (HOS), førsteamanuensis Hans Wiggo Kristiansen (HOS), førsteamanuensis Rune Strand Ødegaard (TØL).
- Observatør: Rektor Jørn Wroldsen
- FoU-sekretær: Stein Runar Olsen
Rådets funksjonstid er tre år (ut 2010), mens stipendiaten er valt for eitt år.
Oppgåver for FoU-sekretær
- Sekretær og saksførebuar for leiargruppa og FoU-rådet
- Plan og rapporteringsarbeid i forhold til FoU (budsjettdokumentet for HiG og UFD)
- Vedlikehalde rutinar for og følgje opp rapportering om HiGs doktorstipendiatar, paraplyprosjekt osb.
- Innstille tildelingar av sentrale midlar til paraplyprosjekt og andre strategiske prioriteringar (til dømes søknadar til UFD, NFR, prioritering av dr.stip. stillingar osb.) til leiargruppa
- Halde seg orientert i forhold til aktuelle forskingsprogram, inkludert rutinar for søknadsskriving og rapportering
- Sekretær for arrangementskomiteen for forskingsdagane (innkalling, møteførebuing osb.)
- Følgje opp at avtalt rapportering skjer til NFR
- Ansvar for å arrangere Vitenforum
Dekanens ansvar
- Fastsette FoU-strategi og handlingsplan på avdelingsnivå, og sette i verk denne innanfor Høgskolens samla plan og avdelingas rammer.
- Rapportere avdelinga sin FoU-innsats (jmfr. Høgskolens årshjul)
- Følgje opp stipendiatar i forhold til vedtekne retningsliner
- Halde seg orientert i forhold til aktuelle forskingsprogram og få fram gode søknadar
16.09.2010