Høgskolen i Gjøvik

HiG / Om HiG / Campus Gjøvik

Campus Gjøvik

Campus Gjøvik er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale aktørane på Kallerud: Høgskolen i Gjøvik, Fagskolen i Gjøvik, Mustad fabrikker, Eidsiva og Gjøvik Kunnskapspark.

 Arena Kallerud

Prosjektet Arena Kallerud skal utvikle og synleggjere Kallerud som eit kraftsenter for utdanning, FoU og nyskaping i eit regionalt perspektiv, i aksen Raufoss Industripark, Kallerud og Sjukehuset (SIHF avd. Gjøvik og Reinsvoll). Målet er å posisjonere miljøet i forhold til eit framtidig Innlandsuniversitet, eit ekspertsenter for lettvektsmateriale og Senter for Informasjonssikkerhet (SIS).

Prosjektet Arena Kallerud starta våren 2003 med eit forprosjekt som utforma ein visjon for området, valde namn og utarbeida logo og grafisk profil, designmanual og kommunikasjonsplattform. I tillegg til eigeninnsats er prosjektet basert på løyvingar frå Gjøvikregionen og fylkeskommunen.

I fase ein av hovudprosjektet har det vore arbeidd med 7 delprosjekt. Fase ein vart avslutta 31. desember 2004. Nokre av delprosjekta vart avslutta i fase ein, medan nokre allereie i søknaden til fase ein signaliserte at det ville vere naudsynt å føre delprosjektet vidare i eit langsiktig perspektiv. Arbeidet i fase ein har vore interessant og spanande, ikkje minst fordi to Arena Kallerud logostore bedrifter på området, Mjøskraft og Mustad, har teke eit aktivt engasjement i prosjektet ved sidan av kontakten med Raufoss Industripark. Arbeidet i fase ein har synt at prosjektet Arena Kallerud vidare bør fokusere på:

  •  Avslutte arbeidet med heilskapeleg planskisse for Kallerudområdet
  •  Gjennomføre intern skilting
  •  Analysere ei samlokalisering av Fagskolen og HiG
  •  Vidareføre arbeidet med ein kontaktarena og marknadsføring og profilering av Arena Kallerud
  •  Fortsette arbeidet med Studentregionen Gjøvik

I søknaden for 2005 er det teke høgde for vidareføring av områda nemnt ovanfor. Søknaden er innvilga etter tur med kr 586 000 frå Gjøvikregionen og kr 319 000 frå fylkeskommunen. Samla eigenfinansiering/-innsats er vurdert til kr 860 000.

Prosjektet har ført aktørane på Kallerud nærare saman i arbeidet med å utvikle og synleggjere området. Gjennom dei løyvingane som er gjeve frå Gjøvikregionen og Oppland fylkeskommune, er det tydeleg at utviklingsprosjektet har brei oppslutting og reknast som strategisk viktig for den regionale utviklinga. For miljøet på Kallerud, og ikkje minst HiG, betyr dette at ein ikkje berre får økonomisk hjelp til utviklingsarbeidet. Det syner og at det er ei rekke med sterke aktørar med for å utvikle eit framtidig kompetansesenter på Kallerud, som og skal vere eit viktig campus i universitetet i innlandet. På Lillehammer er det eit tilsvarande prosjekt som ber namnet campus Lillehammer.

Les meir på heimesida: www.arenakallerud.no 

20.04.2012