Høgskolen i Gjøvik

HiG / Arkiv / advent

Adventljos blir tent på HiG

adventslysFå julestemning og skap eit pusterom i eksamenstida. Kvar onsdag fram til jul blir det tenning av adventljos ved Studenttorget.

Studentprest Anne Anker Bolstad har tatt initiativ til ein stemningsfylt seanse for studentar og tilsette ved Høgskolen i Gjøvik. - Det er viktig å skape seg eit pusterom, for mange studentar er advent ei mørk og tøff tid med eksamenspress og heimlengsel.

Onsdagane 2., 9. og 16. desember kl 12 blir det tenning av adventljos ved Studenttorget. Det vil bli musikalske innslag, ljostenning, gløgg og peparkaker.

Velkomen til ei stemningsfull markering ved HiG!

Foto: hobbyrommet.blogs.no

29.01.2010