Regjeringa la i dag fram revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa foreslår å opprette 3800 ekstra studieplassar ved norske høgskolar og universitet.
Høgskolen i Gjøvik blir tildelt 60 studieplassar. Det er ikkje avklart innanfor kva slags studie. Men regjeringa har sikte på å etablere om lag tusen studieplassar innan lærarutdanninga, 850 studieplassar innan helse- og sosialfaglege utdanningar, om lag 550 studieplassar innan MNT-fag og 600 studieplassar i andre fagområde prioritert ved institusjonane.
-Det er svært gledeleg med 60 nye studieplassar, vi håper spesielt på studieplassar på masternivå innan helse og teknologi, seier rektor Jørn Wroldsen.
Basisløyvet til dei statlege høgskolane blir foreslått økt med 27,7 mill. kroner. Det vil trulig bety ein mindre korreksjon av basisløyvet til Høgskolen i Gjøvik.
Les meir om revidert nasjonalbudsjett