Høgskolen i Gjøvik

Studiekvalitetsutvalet

Studiekvalitetsutvalet skal gi råd om og bidra til å utvikle HiGs pedagogiske verksemd. Studiekvalitetsutvalet fokuserer på tiltak i strategisk plan for HiG som fell saman med utvalets hovudoppgåver.

Samansetting

  •  prorektor leier utvalet
  •  3 fagleg tilsette (ein frå kvar avdeling)
  •  høgskolepedagogisk ressurs har møte- og talerett
  •  2 studentar utpeika av studentparlamentet
  •  1 tilsatt i biblioteket
  •  1 teknisk administrativ tilsatt

Studiekvalitetsprisen

Studiekvalitetsprisen blir delt ut ein gong i året til personer eller grupper som har markert seg i arbeidet for å utvikle studiekvaliteten ved Høgskolen i Gjøvik.

20.04.2012