Minimum eitt semester må vere fullført ved HiG eller HiL. Sjå "Supplerende opplysninger".
Studentane skal:
- Tileigne seg kunnskapar om internasjonalisering av høgare utdanning. - Gjere seg kjend med HIL/HiG sine internasjonaliseringsstrategiar. - Tileigne seg teoretiske kunnskapar om og praktiske kunnskapar i nettverksbygging. - Få auka kulturforståing. - Betre språkkunnskapane sine. Dette gjeld fyrst og fremst engelsk, men gjerne også andre språk. - Lære å planleggje og gjennomføre aktivitetar (inkl. å lage budsjett og føre rekneskap) i eit team.
- Fadderkurs med fokus på internasjonalisering, samarbeid, problemløysing, interkulturell kommunikasjon og praktisk tilrettelegging for innreisande utvekslingsstudentar - Mottak og oppfølging av innreisande utvekslingsstudentar - Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for internasjonale studentar
ForelesningerPraksis
Annet
Som avslutning på emnet skal det leverast ein rapport på ca. 2000 ord. I rapporten skal studentane:
Studentane blir vurderte på bakgrunn av den praktiske gjennomføringa av emnet, deltaking på dei obligatoriske samlingane, møtane, aktivitetane og sluttrapporten (eksamen).
Bestått/Ikke bestått
To interne sensorer
Etter avtale med Internasjonalt kontor.
Det vil vere eit avgrensa opptak som blir fastsett etter behov for kvart enkelt semester. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Søkjarane blir rangerte etter følgjande kriterium (i tilfeldig rekkjefølgje): -Gjennomført delstudium i utlandet -Tidlegare og noverande tillitsverv -Språkkunnskapar -Karaktergjennomsnitt frå HIL/HIG -Studieprogresjon -Personlege eigenskapar
Fleire opplysningar om emnet er å finne i informasjonsskriv frå internasjonalt kontor.